Samferdselsdepartementet har gitt Royal Turbuss AS, Bergen, fritak frå
kravet om ruteløyve for drift av persontransport med buss på strekninga Oslo - Bergen.
Fritaket gjeld tre turar med buss kvar veg i tida 13. desember i år, til 10. januar neste år. Løyvefritaket er avgrensa til å gjelde studentar som er påmelde til turen på førehand.
- Dette busstransporttilbodet har eit avgrensa omfang, og det vil vere lite
til ulempe for andre transporttilbod. "Studentbussen" kan vere med på å ta
unna trafikktoppar i samband med jule- og nyttårsferien, går det fram av eit brev frå Samferdselsdepartementet.
|